Brukarstøtte/helpdesk

Tenesta vert utført frå datasenteret vårt i Måløy, og omfattar mottak, registrering og løysing av melde saker i høve IKT i kommunane. Frå datasenteret vårt har vi fjernstyring av alle kommunale pc’ar. Brukarstøtta vår er open kl. 08.00 – 15.30 alle ordinære virkedagar (måndag – fredag).

Vår brukarstøtte gjeld kun for tilsette i kommunane som brukar godkjent utstyr frå kommunane. Det som ikkje vert løyst av brukarstøtte, vert ruta vidare til andre løysingsgrupper inkl. eksterne partar.

Korleis verte tenesta levert:

Saker vert motteke via webadresse http://brukarhjelp, eller telefonnummer 95 00 60 15 dersom webområdet ikkje er tilgjengeleg.
Brukarhjelp er open kl. 08.00 - 15.30 alle ordinære verkedagar.
Saker vert registrert i eige system og tilbakemelding skal gjevast til brukar.
Saker  som må løysast andre stadar enn i mottaket, vert straks ruta vidare og arbeidet vert starta opp i høve til prioritet.
Dersom saka ikkje vert løyst i mottaket, skal tilbakemelding gjevast undervegs.

Når ei sak er å sjå på som løyst, skal brukaren få melding om dette. Dersom det er naudsynt, skal aksept frå brukaren hentast inn før saka vert lukka.
Driftsforstyrringar varslast i høve varslingslister.