Digitalisering handlar om å bruke teknologi til å fornye, forenkle og forbetre. Det handlar om å tilby nye og betre tenester, som er enkle å bruke, effektive, og pålitelege. Digitalisering legger til rette for auka verdiskaping og innovasjon, og kan bidra til å auke produktiviteten i både privat og offentlig sektor.

Digitaliseringsarbeidet i kommunane er organisert gjennom IKT Strategi, den strategiske eininga i IKT Nordfjord (Nordfjordnett er driftseininga) som jobbar tett opp mot fagområda i kommunane. Det er vedteke ein digitaliseringsstrategi og ein IKT-strategi. Utifrå dette er det utarbeidd handlingsplanar. IKT strategien skal vere styrande og sikre ei målretta utvikling innan området. Den skal vidare bidra til at kommunane gjennomfører naudsynt omstillings-, kompetansehevings- og effektiviseringstiltak.

Kommunane har gjennom IKT Nordfjord tilgang på ein sterk spesialisert kompetanse som er mindre kostnadskrevjande enn om alle kommunene skulle gjere dette kvar for seg.  Samarbeidet gir kommunane auka styringskraft, gjennomføringsevne og realisering av gevinstar knytta til digitalisering av kommunane.
 

Digitaliseringsstrategi Nordfjordkommunane 2016-2020
Vedteken IKT-strategi for Nordfjordkommunane 2016-2020
Digital agenda for Norge
KS Digitaliseringsstrategi 2017-2020