Nordfjordnett er rådgjevar og prosjektkoordinator for større IKT-satsingar i kommunane. Nordfjordnett er også rådgjevar når det gjeld innkjøp av utstyr, og handterer innkjøp for kommunane.

Ved gjennomføring av prosjekt har Nordfjordnett ansvar for teknisk kvalitetssikring av nye system og sikrar at desse vil fungere mot andre system. Nordfjordnett er tidleg inne i høve planlegging og gjennomføring  av alle prosjekt. Vi arbeider tett på kommunane og  medverkar i prosjektmandatarbeid, operativ planlegging i tillegg til prosjektgjennomføring og driftssetting. Nordfjordnett medverkar også til å følgje opp statusrapportar, gjere risikovurderingar og følgje opp avtalar som vert gjort med leverandørar.