Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Tenestekatalog

 

Brukarhjelp

Tenesta vert utført av ein sentral funksjon og omfattar mottak, registrering og løysing av førespurnadar i tidsrommet kl. 08.00-15.30 alle ordinære arbeidsdagar. 

Standard IKT-utstyr/programvare

Gjeld standard stasjonær/berbar PC, skrivarar og skannarar, mobiltelefonar og nettbrett med meir tilknytt nettet og klargjort av Nordfjordnett. IKT-utstyr/-programvare skal kjøpast inn på gjeldande innkjøpsavtaler.

Standard programvare og fagapplikasjonar (fagsystem) køyrast lokalt eller frå server (Fagportalen).

Døme standard programvare: kontorstøtte, samhandlingsprogram, nettlesar og antivirus.
 

Anna utstyr i nettet

Anna utstyr som er kopla opp i nettverk og som krev tilpassing frå Nordfjordnett.

Utstyret kjøpast inn i samråd med Nordfjordnett og i samsvar med gjeldande innkjøpsavtale.

Døme: Ventilasjonsanlegg, velferdsteknologiutstyr, betalingsterminalar, interaktiv tavle, Smart TV, overvakingsutstyr(kamera),  tilgangssystem (lås), informasjonsterminalar, videokonferanse og strøymetenester.
 

Installasjon

Omfattar serverar, nettverkskomponentar, PC-ar, skrivarar, skannarar, og standard programvare.

Installasjonen omfattar testing og godkjenning av at produktet fungerer driftsmessig (brukar får tilgang).
 

Identitetshandtering

Automatisering av brukartilgangar (ny/endre/slett) ved hjelp av systemintegrasjonar og sjølvaktiveringsportal.

Manuell utføring av tilgangar for særskilte roller.
 

Fjerntilgang til nettet

Ein sikker tilgang til jobbnettverket frå eit eksternt nettverk. Brukaren nyttar mobiltelefon for fleirfaktor autentisering.
 

Applikasjonsdrift

Gjeld alle applikasjonar/fagsystem som vert drifta av Nordfjordnett.

Tenesta omfattar alle naudsynte aktivitetar for å sikre stabil og effektiv drift samt tilfredsstillande funksjonalitet (oppgraderingar).
 

Nettverksdrift

Gjeld datalinjer og kommunikasjonsutstyr som vert drifta av Nordfjordnett inkludert sikkerheit i løysingane. Inkluderer også trådlause løysingar.

Døme datalinjer: Nordfjordfiberen, kommunal fiber og radiolinje.
Døme  kommunikasjonsutstyr: Brannmurar, ruterar, svitsjar og trådlause aksesspunkt.

Nordfjordfiberen (fram til rådhusa) er nytta av alle Nordfjordkommunane. IKT Nordfjord har avtale om beredskap med vald underleverandør for å sikre tilfredsstillande og effektiv funksjonalitet. Kommunane har opsjon på å nytte same avtale for eigen fiber.
 

Oppdrag

Større oppgåver vert definert som oppdrag dersom omfanget og følgjeleg også kostnaden er avgrensa, risikoen er relativt låg, få partar er involvert i utføringa, men der noko planlegging og koordinering er naudsynt.

Oppdrag kan vere av teknisk eller rådgjevande karakter. Definering – innhald, omfang og form – skal avklarast mellom oppdragsgjevar og oppdragsansvarleg (utførar) før oppstart.
 

Prosjekt

Prosjekt er leveransar som har konsekvensar av ressursmessig karakter (økonomi, kompetanse, kapasitet), og vert etablert med formelt mandat og organisering. 
 

Telefoni og nettbrett

Gjeld rådgiving ved innkjøp av telefonutstyr (mobil/ fast) og nettbrett. Drift og brukarstøtte.
 

Videomøter

Gjeld drift og forvaltning av videomøterom frå utvalde leverandørar.

Tenesta omfattar alle naudsynte aktivitetar for å sikre stabil og effektiv drift samt tilfredsstillande funksjonalitet (oppgraderingar).
 

Beredskapsvakt

Døgnvakt på sentrale og kritiske datasystem levert av NFN.

Feilretting frå heimevakt eller utrykking ved behov.