Kva omfattar tenesta?

Tenesta omfattar anna utstyr som er kopla opp i nettverk som krev tilpassa løysingar. Utstyret skal kjøpast inn i samråd med Nordfjordnett.

Døme: Ventilasjonsanlegg , velferdsteknologi, betalingsterminalar, interaktiv tavle, Smart TV, overvakingsutstyr(kamera),  tilgangssystem (lås), informasjonsterminalar, videokonferanseutstyr, trådlaus skjermdeling, strøymetenester (KommuneTV) og IoT.

 

Tenesta omfattar:

  • Nett-tilkopling av utstyret.
  • Handtering av feil/problem i samband med nett-tilkopling.
  • Tryggleik ved både tilgang og stabilitet.
  • Kontakt med ekstern(e) leverandør(ar).
  • Oppfølging med ansvarlege hjå eining og leverandør i samband med nett-tilkopling.
  • Bistå ved oppfølging av support-/vedlikehaldsavtale med leverandør.
  • Koordinering ved endringar/oppdateringar.
     

    Tenesta omfattar ikkje:

  • Fysisk montering av utstyr.
  • Rettleiing i bruken av utstyret.
  • Fastvareoppdateringar
     

    Avgrensa støtte for:

  • Privat IKT-utstyr for bebuarar på kommunale institusjonar. Sjå eiga rutine på dette.
     

Korleis vert tenesta levert?

  • Førespurnader vert motteke via Brukahjelp på http://brukarhjelp, e-post brukarhjelp@nordfjordnett.no eller telefon 95 00 6015. Ved bestilling av nett-tilkopling må ein huske og registrere opplysingar om type utstyr, og kvar det skal koplast.
  • Utstyr vert innkjøpt av den einskilde eining/kommune i samråd med Nordfjordnett og på gjeldande innkjøpsavtale.
  • Konfigurering av utstyr vert gjort av Nordfjordnett i samarbeid med leverandør.
  • Handtering av feil og retting hjå leverandør innan gjeldande  fristar.
  • Aktiv oppfølging for å sikre tilgang og kapasitet i samsvar med kommunane sine behov.
  • Testing og godkjenning av endringar slik at desse vert gjennomført og kontrollert utan feilsituasjonar etterpå.
  • Sikring av nett-tilgang i samsvar med autorisasjon internt og mot uautorisert tilgang utanfrå.
  • Kontakt med leverandør(ar) for å følgje opp leveransane deira, og følgje med i utviklinga innan plattforma/løysinga.
  • Generell oppfølging for å sikre at driftsmessige, funksjonelle og tryggleiksmessige krav vert i vareteke.
     

Kva kvalitetskrav skal gjelde?

  • Installasjonen skal gjennomførast i samsvar med avtale.
  • Feilretting innan gitte fristar i samsvar med prioritet av saka.
     

Kva føresetnadar gjeld for kvalitetskrava?

  • Installasjon og tidspunkt vert avtalt i kvart  tilfelle.
  • Førespurnader om feilretting og problem skal kome inn via Brukarhjelp.
  • Brukarane nyttar systemet som føresett og følgjer drifts- og tryggleiksmessige rutinar.
  • Eininga sitt utstyr må være godkjent av Nordfjordnett før dette vert kopla til nettverket.