Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

IKT-løysingar til kommunereformene Kinn og Stad

Nordfjordnett har bidratt med kompetanse og IKT-løysingar til kommunereformene Kinn og Stad. Fagsystema deira er for det meste installert i vårt datasenter og gjort tilgjengeleg via vår Citrix-plattform. Vi har også hatt mykje arbeid med å bygge den nye IKT-infrastrukturen for desse kommunane. Mykje er gjort og noko arbeid gjenstår framleis, men alle dei viktigaste systema er lagt om. Vi har også avlevert Hornindal kommune til Volda kommune.

Det er mange ulike digitale løysingar som må handterast i ein samanslåingsprosess. Kommunesamanslåinga gir ein unik sjanse til å lage betre løysingar enn dei ein hadde i dei gamle kommunane. Nokre løysingar vert avslutta, nokre vert vidareført og nokre nye vert teke i bruk. Ein del data som ligg lagra i dei ulike løysingane må overførast til nye system, og samanhengane mellom kommunen sine interne løysingar og kommunale og nasjonale fellesløysingar må ivaretakast for å sikre god informasjonsflyt.

Publisert | Oppdatert 17. januar 2020