Nordfjordnett har friska opp heimesida med nytt design der vi også har teke inn den nye logoen vår. Innhaldet på sidene er stort sett det same som før. Vi har no fått på plass ein eigen seksjon for nyhende på framsida som vi vil bruke meir aktivt. Vi håpar du likar den nye sida vår. Gje oss gjerne tilbakemelding om du ser noko som burde vore annleis.