Nordfjordnett tek naudsame forholdsreglar i tråd med styresmaktene sine tilrådingar for å stoppe spreiing av Covid-19. Blant tiltaka er god handhygiene, halde avstand, ingen fysisk møteverksemd og arbeid frå heimekontor. Samstundes oppretthaldast normal drift og alle førespurnader blir motteke og besvart i like stor grad som under vanlege omstendigheiter. Alle planlagde oppgraderingar som ikkje er heilt naudsame er sett på vent og vi er i beredskap i høve kommunane sine prioriteringar.