Vi i Nordfjordnett har siste tida fått vere med å bidra i eit spleiselag for å få opp eit live webkamera frå Kråkenes fyr. Dette gjorde vi ved å sende datasignal i luftlinje frå Kråkenes fyr til ein mottakar i Selje sentrum. Noko som medførte lange, men kjekke kveldar saman med mellom anna Tor Magne Gangsøy i YNT, Finn Humborstad i Triangel Security og eigedomsavdelinga i Stad kommune. Vi takkar for samarbeidet og håpar folk liker resultatet! Les også Fjordenes Tidende sin artikkel her og web-kameraet finn du her.