Nordfjordnett er eit interkommunalt IKT-samarbeid mellom kommunane Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Selje, Stryn og Vågsøy.

Nordfjordnett er eit interkommunalt IKT-samarbeid mellom kommunane Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Selje, Stryn og Vågsøy. Nordfjordnett leverer IKT-tenester til desse sju kommunane gjennom driftssenteret i Måløy. Ved å samle tenestene på ein stad, oppnår kommunane både stordriftsfordelar og meir effektiv drift av IKT-løysingar. Nordfjordnett har 16 tilsette med bakgrunn som ingeniør og/eller fagarbeidar innan IKT.

 

Brukarstøtta vår er open 08.00 – 15.45/15.00 (sommartid) alle ordinære verkedagar (måndag – fredag). Gå inn på ikonet "Brukarstøtte" oppe på sida for å melde sak til vårt driftssenter. Her finn du også driftsmeldingar m.m(kun for tilsette i kommunane).