Nordfjordnett sitt driftssenter

Nordfjordnett har lokaler i Domsteinbygget i Måløy. På driftssenteret arbeider det i dag 16 ingeniørar/fagarbeidarar innan IKT.

Driftssenteret er organisert i følgjande fagområder:

Infrastruktur

  • Overvaking og drift av datasenter i Måløy og på Eid, kommunane sine nettverk, svitsjar og aksesspunkt
  • Overvaking av Nordfjordfiberen
  • Prosjektering/planlegging av nettverk til og i kommunale bygg

Datasenteret med servere, telekommunikasjon og lagringssystem er plassert sentralt på Eid og i Måløy. Sentera er etablert med skalerbar infrastruktur for IKT-drift og teknologi for å minimalisere risiko for avbrot(redundans). Datasentera er miljøvennlege då kjøling kun skjer inne i skap og vert generert med bruk av vatn frå fjorden. Alt utstyr i datasentera vert levert til resirkulering.

Server/applikasjon

  • Drift av kommunane sine system (serverar, serverinfrastruktur, fagsystem og programvare)
  • Endring av system
  • Implementering av nye system
  • IT-arkitektur/-design

Brukarstøtte/helpdesk

Mottak, registrering og løysing av melde saker i høve IKT i kommunane. Frå datasenteret vårt har vi fjernstyring av alle kommunale pc’ar.

Melde saker vert motteke via webadresse http://brukarhjelp, eller telefonnummer 95 00 60 15 dersom webområdet ikkje er tilgjengeleg.
Brukarhjelp er open 08.00-15.45/15.00 (sommartid 15. mai – 15. september) alle ordinære verkedagar.

Rådgjeving/prosjekt

Nordfjordnett er rådgjevar og prosjektkoordinator for større IKT-satsingar i kommunane. Nordfjordnett er også rådgjevar når det gjeld innkjøp av utstyr, og handterer innkjøp for kommunane.

Tips en venn Skriv ut