Kva omfattar tenesta?
Tenesta dekker mindre interne oppdrag som omfattar gjennomføring av ei løysing. Normalt har oppdraget også ein avgrensa/låg risiko både i samband med gjennomføringa og evt. for drifta i ettertid.
Definering - innhald, omfang og form – vert avklara mellom oppdragsgjevar og oppdragsansvarleg (utførar) før oppstart - ref. oppdragsbestilling.
Arbeid under 100 timar blir som utgangspunkt definert om oppdrag.
Døme:
- Flytte ei avdeling til ny lokasjon.
- Ny fløy på omsorgssenter.
Korleis vert tenesta levert?
- Førespurnader vert motteke via Brukarhjelp på http://brukarhjelp eller e-post brukarhjelp@nordfjordnett.no
- Oppdragsansvarleg vert utpeika av Nordfjordnett, og oppdragsgjevar vil få melding om kven dette er.
- Oppdraget vert avklara mellom oppdragsgjevaren (ansvarleg hjå eininga) og oppdragsansvarleg, og skal beskrivast i ei oppdragsbestilling.
- Oppdraget vert gjennomført i samsvar med oppdragsbestillinga.
- Særskilte tilhøve vert avklart undervegs.
- Nytta arbeidstimar hjå konsulentane i Nordfjordnett vert ikkje fakturert.
- Når Nordfjordnett hentar ekstern kompetanse, vil kostnadene verte avklara med ansvarleg hjå eininga.
- Endringar som påverkar omfanget i tid og/eller kostnader, skal godkjennast av oppdragsgjevaren før arbeidet held fram.
- Ved behov skal løysinga gåast gjennom i eige/eigne møte(r) med aktuelle deltakarar.
- Oppdragsgjevar skal akseptere løysinga før saka vert avslutta.
- Evt. kostnadar som skal dekkjast av bestillar vert avrekna, og saka vert avslutta.
Kva kvalitetskrav skal gjelde?
Dei aktuelle krava skal oppgjevast i oppdragsbestillinga. Desse vil gjelde omfang, rammer og former.
Kva føresetnadar gjeld for kvalitetsmåla?
Oppdragsavtale skal være inngått mellom partane og omfatte godkjende rammer og krav.