IKT-koordinator

Vere kontaktperson mot IKT Nordfjord. IKT-koordinator skal:

  • Gjere seg kjend med og halde seg til inngåtte avtalar med vedlegg
  • Gjere seg kjend med tilgjengelege tenester, og vere aktiv i arbeidet med å utvikle nye tenester i samarbeid med fagnettverka, andre IKT-koordinatorar og IKT Nordfjord.
  • Kontakte dagleg leiar i IKT Nordfjord i saker som gjeld avtalen.
  • Sørgje for at IKT Nordfjord sitt tekniske personell blir gjeve naudsynt autorisasjon og tilgjenge til kommunen sine lokale.
  • Skal sjå til at eigne tilsette er gjort kjende med og følgjer gjevne retningslinjer, slik desse er gitt i kommunen sitt IKT-reglement.
  • Med praktisk hjelp frå IKT Nordfjord samarbeide om kommunane sine lisensavtalar.
  • Samarbeide med faggruppene om deira ønskje og behov.
  • Samarbeide med IKT Nordfjord og IKT-bestillarar om ajourhald av brukarkonti og tilgjenge.
  • Ha samarbeid med kommunen sin tryggleiksansvarleg som vil medverke i tryggleiksarbeidet som vert omtala i tenesteavtalen. Tryggleiksansvarleg vert utnemnd av rådmann/kommunaldirektør.
  • Medverke til val og innkjøp av IKT-utstyr og programvare for kommunen i samarbeid med IKT Nordfjord.
  • Generelt medverke til at IKT-tenestene og -utstyret fungerer og vert nytta på ein tilfredsstillande måte.
  • Vedlikehalde fullmaktslister for bestilling av brukartilgongar og IKT-utstyr.
  • Hjelpe IKT Nordfjord og følgje opp brukarar i høve til innmeldte saker der fjerndrift ikkje er mogleg eller der dette er mest praktisk.
  • Vere IKT Nordfjord sitt lokale kontaktpunkt ved større endringar og feil.
  • Bruke støtteverktøy som IKT Nordfjord gjer tilgjengeleg for god brukaroppfølging.
  • Montere og bytte IKT-utstyr som t.d. PC, skrivar, skjerm, tastatur, mus, trådlaust aksesspunkt m.m.
  • Ta omstart på sentralt IKT-utstyr etter anvising frå IKT Nordfjord.
  • Kartlegging av lokasjonar, IKT-utstyr og brukarar etter på førespurnad frå IKT Nordfjord.
  • Medverke til grunnleggande IKT-opplæring og -trygging i eigen kommune.
  • Sjå til at dører til sentralt utstyr er låste og inspisere romma med jamne mellomrom ift. temperatur og varsellampar.
  • Retur av utrangert utstyr i samsvar med leverandøravtale.
  • Etter dialog med IKT Nordfjord varsle budsjettansvarleg i høve utskifting av utstyr.

IKT-bestillar

  • Ein som har løyve til å bestille utstyr og brukartilgangar i ei kommune i samsvar med godkjent avtale/fullmaktliste.
  • Gjere bestillingar på utstyr og følgje opp leveransar.
  • Yte rådgiving i samband med innkjøp i samarbeid med IKT-koordinator og IKT Nordfjord.
  • Sørgje for at brukartilgangane han/ho har ansvar for er rette til ei kvar tid (ny/endre/stopp).
  • Revidere brukartilgangar.

Fagsystemeigar

  • Administrativt ansvarleg for eit fagsystem i ein kommune.
  • Daglig ansvar for å oppfylle plikter som behandlingsansvarleg på vegne av rådmannen/kommunaldirektøren jfr. Personopplysningslova og retningslinjer for IKT-tryggleik.
  • Ansvar for å utnemne fagsystemansvarleg.
  • Overordnet ansvar for å gje brukarar naudsynt opplæring i systemet.
  • Mynde til å bestille tilbakeføring/recovery av data tilhøyrande fagsystemet.
  • Ansvar for at best mulig utnyttelse av systemet.
  • Har ansvar for å etablere og dokumentere rutiner som er naudsame i forhold til bruken av systemet.
  • Har ansvar for å etablere og dokumentere rutiner for sikker tenesteyting ved mellombels systembortfall.
  • Har ansvar for å etablere og dokumentere system for vedlikehald og tildeling av brukartilgangar.
  • Tilfredsstillande funksjonalitet, stabilitet og sikkerheit i samsvar med føremålet med løysninga inkl. grensesnittet mot andre løysingar/system.
  • Evt. lovmessige pålegg som krevst for løysinga.
  •  At naudsame ansvarsroller for brukarstøtte, drift og endring er etablert.
  • Utvikling (ny funksjonalitet, forbetringar / versjonar / prosjekt).
  • Utfasing (når det blir aktuelt).
  • Oversikt over og budsjettering av kostnadene knyttet til support, drift og bruk av løsningen.

Fagsystemansvarleg

  • Oppretting og vedlikehald av grunndata.
  • Medverke til best mulig utnytting av fagsystem.
  • Syte for at systemeigar sine rutiner vert etterlevd.
  • Styre og revidere brukartilgangar (Ny/Endre/Stopp).
  • Avgjer når fagsystemet skal oppgraderast i samarbeid med faggruppe i Nordfjord og IKT Nordfjord.
  • Gi opplæring i bruken av eit fagsystem.
  • Deltaker i interkommunal faggruppe.
  • Hjelpe IKT Nordfjord ved behov for feilretting/feilsøking.
  • Hjelpe til med testing og godkjenning ved oppgradering og ny funksjonalitet.
  • Kontaktperson mot leverandøren sin brukerstøtte om bruken av systemet.
  • Gjere seg kjent med leverandøravtalar, spesielt med omsyn til vilkåra for å nytte leverandøren sin brukerstøtte.
  • Vere bindeledd mellom ekstern(e) leverandør(ar) og aktuelle ansvarsroller i IKT Nordfjord og i kommunane.
  • Fase ut system/leveranser som ikkje lenger skal eksistere.
  • Delta i oppfølgingsmøter med kommunan(e) og aktuell(e) leverandør(ar).
  • Ansvarleg for at system- og brukerdokumentasjon er oppdatert.

Superbrukar

  • Ein som kjenner eit fagsystem godt og kan medverke til opplæring og oppfølging ilag med fagsystemansvarleg.
  • Bistå fagsystemansvarleg med definert opplæring.
  • Yte støtte for riktig bruk og oppfølging av feil/problem.
  • Komme med forbetringsforslag.
  • Samarbeide med fagsystemansvarleg om løysinga.

Tryggleiksansvarleg

  • Halde kontroll med risikovurderingar og system for avvikshandsaming, ta initiativ til revisjon av sikringsarbeidet og førebu gjennomgang av sikringsarbeidet for kommuneleiinga.
  • Organisere opplæring av dei tilsette i IKT-tryggleik.
  • Rapportere avvik og andre viktige tryggleikstilhøve til IKT Nordfjord.
  • IKT Nordfjord sitt kontaktledd i tryggleikssaker.
  • Samarbeide med IKT Nordfjord i samband med revisjonar frå Datatilsynet.
  • Sjå til at IKT Nordfjord sine tenester tilfredsstiller krava i lokal tryggingsplan.
  • Ansvar for implementering av utarbeidde tryggleiksrutiner i egen kommune.
  • Ansvar for integrering av tryggleiksrutiner elles i kommunen sitt kvalitetsarbeid.
  • Samhandle med personvernombud om avvik knytt til personvernopplysingslova.