Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Tenestekatalog

 

Brukarhjelp

Tenesta vert utført av ein sentral funksjon og omfattar mottak, registrering og løysing av henvendelsar i tidsrommet kl. 08.00-15.30 alle ordinære virkedagar.

Standard IKT-utstyr/programvare

Gjeld standard stasjonær/bærbar PC, skrivarar og skannarar, mobiltelefonar og nettbrett med meir tilknytt nettet og klargjort av Nordfjordnett. IKT-utstyr/-programvare skal kjøpast inn på gjeldande innkjøpsavtaler.

Standard programvare kan køyrast lokalt eller frå server, medan fagapplikasjonar (fagsystem) er tilgjengeleg frå server (Fagportalen). 

Døme standard programvare: kontorstøtte, nettlesar og antivirus.

Anna utstyr i nettet

Anna utstyr som er kopla opp i nettverk og som krev tilpassing frå Nordfjordnett. 

Utstyret kjøpast inn i samråd med Nordfjordnett og i samsvar med gjeldande innkjøpsavtale. 

Døme: Ventilasjonsanlegg, velferdsteknologiutstyr, betalingsterminalar, interakiv tavle, Smart TV, overvakingsutstyr(kamera),  tilgangssystem (lås), informasjonsterminalar, videokonferanse og strømmetenester.

Installasjon

Omfattar serverar, nettverkskomponentar, PC-ar, skrivarar, skannerar, og standard programvare.

Installasjonen omfattar testing og godkjenning av at produktet verkar driftsmessig (brukar får tilgang).

Tilgangsadministrasjon

Gjeld etablering, endring og sletting av brukarkonto i nettverket med avtalte tilgangar og rettar til programvare, e-post og lagringsområder med meir.

Einskilde applikasjonar kan kreve særskilt godkjenning før det vert gjeve tilgang.

Fjerntilgang til nettet

Ein sikker tilgang til jobbnettverket frå eit eksternt nettverk. Brukaren nyttar mobiltelefon for mottak av passord som blir sendt på SMS.

Applikasjonsdrift

Gjeld alle applikasjonar/fagsystem som vert drifta av Nordfjordnett.

Tenesta omfattar alle naudsynte aktivitetar for å sikre stabil og effektiv drift samt tilfredsstillande funksjonalitet (oppgraderingar).

Nettverksdrift

Gjeld datalinjer og kommunikasjonsutstyr som vert drifta av Nordfjordnett inkudert sikkerheit i løysingane. Inkluderer også trådlause løysingar.

Døme datalinjer: Nordfjordfiberen, kommunal fiber, radiolinje og ADSL 

Døme  kommunikasjonsutstyr: Brannmurar, ruterar, svitsjar og trådlause aksesspunkt.

Nordfjordfiberen (fram til rådhusa) er nytta av alle Nordfjordkommunane. IKT Nordfjord har avtale om beredskap med OneCo for å sikre tilfredsstillande og effektiv funksjonalitet. Kommunane har opsjon på å nytte same avtale for eigen fiber.

Oppdrag

Større oppgåver vert definert som oppdrag dersom omfanget og følgjeleg også kostnaden er avgrensa, risikoen er relativt låg, få partar er involvert i utføringa, men der noko planlegging og koordinering er naudsynt.

Oppdrag kan vere av teknisk eller rådgjevande karakter. Definering – innhald, omfang og form – skal avklarast mellom oppdragsgjevar og oppdragsansvarleg (utførar) før oppstart.

Prosjekt

Prosjekt er leveransar som har konsekvensar av ressursmessig karakter (økonomi, kompetanse, kapasitet), og vert etablert med formelt mandat og organisering.