Kva omfattar tenesta?

Tenesta omfattar anna utstyr som er kopla opp i nettverk som krev tilpassa løysingar. Utstyret skal kjøpast inn i samråd med Nordfjordnett.

Døme: Ventilasjonsanlegg , velferdsteknologi, betalingsterminalar, interaktiv tavle, Smart TV, overvakingsutstyr(kamera),  tilgangssystem (lås), informasjonsterminalar, videokonferanseutstyr, strømmetenester (KommuneTV).

Tenesta omfattar:

  • Nettilkopling av utstyret.
  • Handtering av feil/problem i samband med nettilkopling.
  • Tryggleik ved både tilgang og stabilitet.
  • Kontakt med ekstern(e) leverandør(ar).
  • Oppfølging med ansvarlege hjå eining og leverandør i samband med nettilkopling.
  • Bistå ved oppfølging av support-/vedlikehaldsavtale med leverandør.
  • Koordinering ved endringar/oppdateringer.

Tenesta omfattar ikkje:

  • Fysisk montering av utstyr.
  • Rettleiing i bruken av utstyret.
  • Fastvareoppdateringar.

Korleis vert tenesta levert?

-       Førespurnader vert motteke via Brukahjelp på http://brukarhjelp, e-post brukarhjelp@nordfjordnett.no eller telefon 95 00 6015. Ved bestilling av nettilkopling må ein huske og registre opplysingar om type utstyr, og kvar det skal koplast.

-       Godkjent utstyr vert innkjøpt av den einskilde eining/kommune.

-       Konfigurering av utstyr vert gjort av Nordfjordnett i samarbeid med leverandør.

-       Handtering av feil og retting hjå leverandør innan gjeldande  fristar.

-       Aktiv oppfølging for å sikre tilgang og kapasitet i samsvar med kommunane sine behov.

-       Testing og godkjenning av endringar slik at desse vert gjennomført og kontrollert utan feilsituasjonar etterpå.

-       Sikring av nettilgong i samsvar med autorisasjon internt og mot uautorisert tilgong utanfrå.

-       Kontakt med leverandør(ar) for å følgje opp leveransane deira, og følgje med i utviklinga innan plattforma/løysinga.

Generell oppfølging for å sikre at driftsmessige, funksjonelle og tryggleiksmessige krav vert i vareteke.

Kva kvalitetskrav skal gjelde?

  • Installasjonen skal gjennomførast i samsvar med avtale.
  • Feilretting innan gitte fristar i samsvar med prioritet av saka.

Kva føresetnadar gjeld for kvalitetskrava?

  • Installasjon og tidspunkt vert avtalat i kvart  tilfelle.
  • Førespurnader om feilretting og problem skal kome inn via Brukarhjelp.
  • Brukarane nyttar systemet som føresett og følgjer drifts- og tryggleiksmessige rutinar.
  • Eininga sitt utstyr må være godkjent av Nordfjordnett før dette vert kopla til nettverket.