Kva omfattar tenesta?

Prosjekt er  leveransar som har konsekvensar av ressursmessig karakter (økonomi, kompetanse, kapasitet) og vert etablert med formelt mandat og organisering. Prosjekt skal gjennomførast innan godkjende rammer for tidsbruk, kostnad og kvalitet.

Gjennomføring av eit prosjekt er basert på eit godkjend prosjektmandat med ei klar beskriving av krav/leveranse (kravspesifikasjon) og ei rekkje andre element inkl. alle rammer spesielt relatert til tid, kostnad og kvalitet samt organisering (ref. prosjektmetodikk).

Prosjektet vert organisert formelt, og skal følgjast opp med ulike ansvarlege.

Korleis vert tenesta levert?

  • Førespurnader om prosjekt vert retta til dagleg leiar.
  • Prosjektmandat med alt innhald i samsvar med eiga prosjektprosedyre vert utarbeidd og godkjend av aktuelle partar.
  • Prosjektorganisasjonen skal peikast ut og set i gang arbeidet.
  • Prosjektet vert gjennomført i samsvar med prosjektmandatet inkl. rapportering av framdrift.
  • Endringar handterast gjennom eiga prosedyre for endringshandtering i prosjektet. Risikovurderingar er særskilt viktig. Tilpassingar som følgje av den godkjente endringa vert gjennomført.
  • Dersom resultatet krev driftssetting, skal prosjektet overleverast i samsvar med eiga prosedyre til ansvarlege for forvaltning, drift og brukerstøtte, slik at desse kan overta det formelle ansvaret innan sine områder på ein kontrollert måte.
  • Prosjekteigar skal akseptere prosjektet sitt resultat før prosjektet vert avslutta.
  • Kostnadar som skal dekkjast av bestillar vert avrekna (evt. skjer det undervegs), og prosjektet vert avslutta i samsvar med prosedyre (inkl. naudsynt dokumentasjon).

Kva kvalitetskrav skal gjelde?

Alle krav og viktige tilhøve skal spesifiserast tilstrekkjeleg tydeleg i prosjektmandatet. Desse vil gjelde innhald, omfang, rammer (ressursar og tid), kvalitet, former og organisering.

Kva føresetnadar gjeld for kvalitetsmåla?

Mandat skal utarbeidast og godkjennast av ansvarlege partar. Alle endringar skal handterast i samsvar med prosedyra for endringshandtering i prosjektet. Andre viktige tilhøve som endrar seg undervegs, skal straks meldast til prosjekteigar, prosjektleiar og/eller andre som dette vedkjem av den/dei som avdekkjer dette.