Kva omfattar tenesta?

  • Tenesta gjeld standard stasjonær/bærbar PC, skrivarar, skannarar, mobiltelefonar og nettbrett m.m tilknytt nettet og klargjort av Nordfjordnett. Tenesta omfattar  IKT-utstyr/-programvare som er kjøpt inn på gjeldande innkjøpsavtaler og gjeldande standardsortiment tilgjeneleg via e-shop.

Tenesta omfattar:

  • Tilgang til standard programvare (kontorstøtte, nettleser, antivirus).
  • Tilgjengeleggjere data og fagsystem, påloggging til og tilgangar inne eit fagsystem gjerast av fagsystemansvarlege i kommunane
  • Oppsett av standard skrivebord i samsvar med ulike roller/einingar definert av Nordfjordnett.
  • Tilgang til nettverksskrivarar og skannerar.
  • Handtering av feil/problem.
  • Teknisk service/reperasjon på IKT-utstyr etter vurdering.
  • Rådgjeving ved innkjøp.
  • Backup og gjenoppretting av dokument som er lagra sentralt på server.
  • Vidareutvikling av oppsettet i samsvar med funksjonelle, drifts- og tryggleiksmessige krav.
  • Oppfølging mot eksterne leverandørar.

Sjå godkjent produktliste (GPL) på http://brukarhjelp/ på kva som er støtta. Nordfjordnett bistår også med utstyr og programvare for brukarar med særskilde behov (t.d. spesialundervising).

Tenesta har begrensa støtte for:

  • MAC. Støtte for tilgang til nettverk og Fagportalen.
  • Chromebook. Støtte for tilgang til nettverk og brukarstyring via Google Admin for elevar.
  • Surface. Tilgang til nettverk og Fagportalen.

På desse produkta er det begrensing på brukarhjelp, tilpassingar, reperasjonar og retanking.

Tenesta omfattar ikkje:

  • Backup(sikkerhetskopi) av lokalt lagra data på PC som t.d Dokumenter, Mine Dokumenter, Skrivebord, C:\

Korleis vert tenesta levert?

  • Pålogging skjer på nettet, og gjev tilgang til fagapplikasjonar via Fagportalen https://fagportal.nordfjordnett.no samt intern og ekstern kommunikasjon.
  • Feil og problem skal meldast via Brukarhjelp.
  • Gjenoppretting av dokument på førespurnad og innan 8 arbeidstimar.
  • Proaktiv oppfølging for å sikre tilgjenge og kapasitet i samsvar med verksemdsmessige behov.
  • Utarbeiding av underlag for naudsynte innkjøp og endringar (for å sikre tilgong, kapasitet og tryggleik).
  • Testing og godkjenning av endringar slik at desse vert innført kontrollert, og slik at feilsituasjonar ikkje oppstår etterpå.
  • Sikring av tilgang i samsvar med autorisasjon internt, og sikring mot uautorisert tilgang utanfrå.
  • Kontakt med leverandør(ar) for å følge opp leveransane deira, og følgje med i utviklinga innan plattforma/løysinga.
  • Godkjenning av ny standard maskinvare.
  • Godkjenning av ny standard programvare.
  • Generell oppfølging for å sikre at driftsmessige, funksjonelle og tryggleiksmessige krav vert godt stetta, og meir langsiktige forbetringar førebudde.

Kva kvalitetskrav skal gjelde?

  • Oppetid i nettet er definert som tilgjengeleg og fungerande IT system. PC er rekna som oppe når normalt arbeid kan utførast innanfor normal arbeidstid.
  • Feilretting innan gjevne fristar i samsvar med prioritering av saker.
  • Funksjonalitet i samsvar med den delen av PC-standarden som Nordfjordnett har etablert.

Kva føresetnader gjeld for kvalitetskrava?

  • Innkjøpt maskinvare og programvare skal vere i samsvar med godkjent innkjøpsavtale og i samsvar med godkjende produkt på e-shop.
  • Kvalitetskrava gjeld ikkje produkt som er utfasa.
  • Førespurnadene om feil og problem skal kome inn via Brukarhjelp.
  • Brukarane nyttar systemet som føresett og følgjer drifts- og tryggleiksmessige pålegg.
  • Eininga (kontaktperson(ar)) rapporterer større endringar eller særskilte avvik til ansvarleg i Nordfjordnett.
  • Eininga sitt utstyr følgjer den generelle PC-standarden.