Kva omfattar tenesta?

Tenesta dekker mindre interne oppdrag som omfattar gjennomføring av ei løysing. Normalt har oppdraget også ein avgrensa/låg risiko både i samband med gjennomføringa og evt. for drifta i ettertid.

Definering - innhald, omfang og form – vert avklara mellom oppdragsgjevar og oppdragsansvarleg (utførar) før oppstart - ref. oppdragsbestilling.

Arbeid under 100 timar blir som utgangspunkt definert om oppdrag.

Døme:
- Flytte ei avdeling til ny lokasjon.
- Ny fløy på omsorgssenter.
 

Korleis vert tenesta levert?

  • Førespurnader vert motteke via Brukarhjelp på http://brukarhjelp eller e-post brukarhjelp@nordfjordnett.no  
  • Oppdragsansvarleg vert utpeika av Nordfjordnett, og oppdragsgjevar vil få melding om kven dette er.
  • Oppdraget vert avklara mellom oppdragsgjevaren (ansvarleg hjå eininga) og oppdragsansvarleg, og skal beskrivast i ei oppdragsbestilling.
  • Oppdraget vert gjennomført i samsvar med oppdragsbestillinga.
  • Særskilte tilhøve vert avklart undervegs.
  • Nytta arbeidstimar hjå konsulentane i Nordfjordnett vert ikkje fakturert.
  • Når Nordfjordnett hentar ekstern kompetanse, vil kostnadene verte avklara med ansvarleg hjå eininga.
  • Endringar som påverkar omfanget i tid og/eller kostnader, skal godkjennast av oppdragsgjevaren før arbeidet held fram.
  • Ved behov skal løysinga gåast gjennom i eige/eigne møte(r) med aktuelle deltakarar.
  • Oppdragsgjevar skal akseptere løysinga før saka vert avslutta.
  • Evt. kostnadar som skal dekkjast av bestillar vert avrekna, og saka vert avslutta.
     

Kva kvalitetskrav skal gjelde?

Dei aktuelle krava skal oppgjevast i oppdragsbestillinga. Desse vil gjelde omfang, rammer og former.
 

Kva føresetnadar gjeld for kvalitetsmåla?

Oppdragsavtale skal være inngått mellom partane og omfatte godkjende rammer og krav.