Kva omfattar tenesta?

Gjeld datalinjer og kommunikasjonsutstyr som vert drifta av Nordfjordnett inkudert sikkerheit i løysingane. Inkluderer også trådlause løysingar.

Døme datalinjer: Nordfjordfiberen, kommunal fiber, radiolinje og ADSL
Døme  kommunikasjonsutstyr: Brannmurar, ruterar, svitsjar, og trådlause aksesspunkt.

Nordfjordfiberen (fram til rådhusa) er nytta av alle Nordfjordkommunane.
IKT Nordfjord har avtale om beredskap med OneCo for å sikre tilfredsstillande og effektiv funksjonalitet.
Kommunane har opsjon på å nytte same avtale for eigen fiber.

Tenesta omfattar alle naudsynte aktivitetar for å sikre stabil og effektiv drift av i samsvar med avtalte kvalitetskrav:

  • Nordfjordfiberen går frå driftssenteret og fram til kvart rådhus.
  • Handtering av førespurnader om feil og problem frå brukarane.
  • Drift, som omfattar overvaking, sikring av tilgjenge og kapasitet, oppfølging og retting av feil.
  • Bistå ved avtale og beredskap med ekstern leverandør.
  • Innføring av kvalitetssikra endringar.
  • Oppfølging i samband med driftsansvar mot leverandørar samt andre ansvarlege hjå både eininga og i Nordfjordnett.
  • Tenesta omfattar ikkje:

  • Beredskap på kommunal fiber frå rådhusa til ytre einingar (lokasjonar).

  • Kabling i bygg.

  • Fysisk montering av trådlaust utstyr (aksesspunkt) og dataskap.

Korleis vert tenesta levert?

  • Overvaking av teknisk infrastruktur ved hjelp av overvakingssystem som rapporterer feil eller varslar i høve til terskelverdiar.
  • Fast årleg sjekking av Nordfjordfiberen på landtak og viktige knutepunkt for å oppdage feil eller moglege problem så tidleg som råd.
  • Handtering av førespurnad, feil og problem. Feilretting skjer innan fristar som er i samsvar med prioritering på saka.
  • Proaktiv oppfølging for å sikre tilgjenge og kapasitet i samsvar med verksemda sitt planlagde behov.
  • Testing og godkjenning av endringar slik at desse vert innført kontrollert og utan driftsfeil (gjeld ikkje funksjonelle feil).
  • Kontakt med evt. leverandør(ar) for å følgje opp deira leveransar og følgje med i utviklinga innan plattforma/løysinga.
  • Sikring av at Nordfjordnett har naudsynte og kompetente ressursar i høve til løysinga sitt verksemdskritiske nivå.
  • Generell oppfølging for å sikre at driftsmessige og tryggleiksmessige krav vert godt ivaretekne, og meir langsiktige forbetringar førebudd.
  • Oppfølging av support-/vedlikehaldsavtale med leverandør.

Kva kvalitetskrav skal gjelde?

  • Feilretting innan fristar i samsvar prioritering av saka.

Kva føresetnadar gjeld for kvalitetskrava?

Førespurnader om feil og problem skal komme inn via Brukarhjelp.