Kva omfattar tenesta?

  • Eit sentralt mottak for alle typar førespurnader om feil, bestillingar og spørsmål.
  • Funksjonen jobbar svært tett med lokale kommunale ressursar når førespurnaden må følgjast opp/løysast lokalt utanfor Nordfjordnett.
  • Førespurnadene gjeld for alle tenester som vert levert av Nordfjordnett.
  • Skal løysast straks når dette er mogleg.
  • Full oppfølging av alle typar førespurnader.
  • Tilbakemelding med relevant informasjon, grunngjeving og tidsestimat til brukar når løysing tek tid. I utgangspunktet ein gong i veka med mindre anna er avtalt.
  • Informasjon om driftsavvik eller andre viktige tilhøve via Brukarhjelp, e-post, varslingslister eller telefon.
  • For særskilte situasjonar kan ekstraordinær støtte avtalast. I slike tilfelle vert partane samde om omfanget og forma.

    Døme:
  • Brukar har gløymt passordet på nettverket/PC.
     

Korleis vert tenesta levert?

  • Førespurnader vert motteke via webadresse http://brukarhjelp, e-post brukarhjelp@nordfjordnett.no eller telefon 95 00 60 15.
  • Brukarstøtte er open kl. 08.00-15.30 alle ordinære arbeidsdagar.
  • Mottekne saker vert registrert i eige system, og tilbakemelding skal gjevast til brukar.
  • Førespurnader som må løysast andre stadar enn i mottaket, vert straks ruta vidare, og arbeidet starta opp i samsvar med prioritet.
  • For førespurnader som ikkje vert løyst i mottaket, skal tilbakemelding gjevast undervegs.
  • Førespurnader som ikkje gjeld godkjend system/teneste, vil bli avvist.
  • Når førespurnaden er å sjå på som løyst, skal brukaren få melding om dette. Dersom det er naudsynt, skal aksept frå brukaren hentast inn før saka vert sett som løyst.
  • Ved driftsforstyrringar skal det gjevast informasjon i samsvar med varslingslister og på best mogleg måte.
     

Kva kvalitetskrav skal gjelde ?

  • Gjennomsnittleg ventetid på telefon skal vere under 20 sekund (målast kvar månad).
  • Førespurnader skal svarast på innan fire arbeidstimar (ikkje automatisk svar) om vidare handtering.
  • Saker skal følgjast opp og løysast innan fristar i samsvar med prioritering av saka. Sjå vedlegg 1, Prosedyre – INM – Prioriteringskriterier for førespurnadar.
     

Kva føresetnader gjeld for kvalitetskrava?

Kvalitetskrav gjeld berre dersom førespurnaden har kome inn via godkjende kanalar (sjå ovanfor) og gjeld godkjende produkt.