Kva omfattar tenesta?

Ein sikker tilgang til jobbnettverket frå eit eksternt nettverk. Brukaren nyttar mobiltelefon for fleirfaktor autentisering.

Tenesta gjev høgast tilgangsnivå ved bruk av einingar administrert av Nordfjordnett.

Privat eining:

Med ein privat eining koplar ein direkte til Fagportalen og får tilgang til system som ikkje inneheld personsensitiv informasjon (intern sone). Døme på system er Websak Pluss, Enterprise og RS. Tilgang til kontorstøtte, samhandling og dokumenter skjer via https://www.office.com/

Administrert eining av Nordfjordnett:
Tilsvarande tilgang som på kommunalt nettverk når denne kombinerast med ein godkjent VPN-klient. Det kan gis tilgang til system som inneheld personsensitiv informasjon. Døme på system er Infodoc, Profil, Cosdoc og Familia. Ein del fagsystem kan også køyrast lokalt frå standard PC utanom Fagportalen.

Tenesta omfattar ikkje:

  • Utrykning til brukarstaden utanfor Nordfjordnett.
  • Kostnader i samband med intern kabling hjå brukar.
  • Feilsøk i private og offentlege nettverk som vert nytta utover Nordfjordnett sin løysing.
  • Feilsøking eller retting av problem på privat PC.
  • Lokal utskrift via privat PC.
     

Korleis vert tenesta levert?

  • Pålogging frå ein standard PC frå Nordfjordnett eller privat PC gjev tilgang til felles kontorapplikasjonar, fagapplikasjonar og intern/ekstern kommunikasjon.
  • Førespurnader om feil og problem vert retta via Brukarhjelp.
  • Handtering av feil og retting hjå ekstern leverandør innanfor den fastsette fristen.
  • Fast sjekking av driftslogg for å oppdage feil eller problem tidlegast mogleg.
  • Proaktiv oppfølging for å sikre tilgjenge og kapasitet i samsvar med kommunane sine behov.
  • Testing og godkjenning av oppdateringar/endringar slik at desse vert innført kontrollert, og utan feilsituasjonar i ettertid.
  • Sikring av tilgang i samsvar med autorisasjon internt og mot uautorisert tilgang utanfrå.
  • Kontakt med evt. leverandør(ar) for å følgje opp deira leveransar og følgje med i utviklinga innan plattforma/løysinga.
  • Generell oppfølging for å sikre at driftsmessige, funksjonelle og tryggleiksmessige krav vert godt tatt vare på, og meir langsiktige forbetringar førebudd
     

Kva kvalitetskrav skal gjelde?

  • Feilretting innan fastsette fristar i samsvar med prioritet av saka.
  • Funksjonalitet i samsvar med den delen av PC-standarden som Nordfjordnett har etablert.
     

Kva føresetnadar gjeld for kvalitetskrava?

  • Førespurnader om feil og problem skal kome inn via Brukarhjelp
  • Brukarane nyttar systemet som føresett, og følgjer drifts- og tryggleiksmessige pålegg og generelle retningslinjer.
  • Eininga sitt utstyr følgjer den generelle PC-standarden.