Kva omfattar tenesta?

Tenesta omfattar serverar, nettverkskomponentar, PC’ar, skrivarar, skannarar og standard programvare. Installasjonen omfattar testing og godkjenning av at produktet verkar driftsmessig (brukar får tilgang til utstyret), men dekkjer ikkje funksjonelle tilhøve. 
 

Korleis vert tenesta levert?

  • Førespurnadar blir motteke via Brukarhjelp på http://brukarhjelp, e-post brukarhjelp@nordfjordnett.no eller telefon 95 00 60 15.
  • Nordfjordnett skaffar serverar og ruterar, samt bistår kommunane ved anskaffing av svitsjar og programvare som ein del av installasjonstenesta.
  • Brukarstøtte sender saka til aktuell installasjonsansvarleg.
  • For installasjon/reinstallasjon (tanking/retanking) av standard PC skal maskina leverast og hentast hjå lokal kontaktperson. Anna brukarutstyr vert levert direkte til brukar.
  • Ved behov vert installasjon avklara direkte mellom bestillaren og installasjonsansvarleg.
  • Installasjonen vert gjennomført i samsvar med bestillinga.
  • Maskinvare skal inngå i utstyrsoversikt i samband med serviceavtalar.
  • Særskilte tilhøve vert avklara undervegs. Endringar som påverkar omfanget i tid og/eller kostnader, skal godkjennast av bestillar før arbeidet held fram.
  • Installasjonen vert testa i høve til at utstyr/programvare verkar driftsmessig (får tilgang/startar opp). Funksjonelle forhold er eininga sitt ansvar.
  • Bestillar skal akseptere installasjon før saka vert avslutta.
  • Evt.  kostnadar som skal dekkjast av bestillar vert avrekna, og saka vert avslutta.
     

    Tenesta har avgrensa støtte for:

  • Montering av svitsj og UPS i kommunane blir gjort etter vurdering
     

Kva kvalitetskrav skal gjelde?

Dei aktuelle krava skal oppgjevast i bestillinga. Desse vil gjelde omfang, rammer og former.
 

Kva føresetnadar gjeld for kvalitetskrava?

Viktige tilhøve som endrar seg undervegs, skal straks meldast til installasjonsansvarleg.