Kva omfattar tenesta?

Automatisering av brukartilgangar (ny/endre/slett) ved hjelp av systemintegrasjonar og sjølvaktiveringsportal.

Tenesta omfattar:

  • Etablering av integrasjonar
  • Tilpassing av integrasjonar
  • Feilretting av integrasjonar
  • Manuell utføring av tilgangar for særskilte roller.

Tenesta omfattar ikkje:

  • Tilgangar i fagsystem der integrasjon ikkje er etablert, dette gjerast av fagsystemansvarlege i kommunane.
     

Korleis vert tenesta levert?

  • Integrasjonar blir etablert i samband med prosjekt for etablering av nye tenester.
  • Tilpassingar blir utført etter bestilling og behov frå kommunane.
  • HR-system er masterdata for tilsette
  • Administrativt skulesystem er masterdata for elevar
  • Brukarane aktiverer seg sjølve i sjølvaktiveringsportal https://passord.nordfjordnett.no
  • NFN sender automatisk informasjon til tenesteleiar om nytilsetting som dei må melde vidare til fagsystemansvarlege etter gjeldande rutine i si kommune.
  • For særskilte tilgangar meldast dette til Brukarhjelp på http://brukarhjelp eller e-post brukarhjelp@nordfjordnett.no om ny, endring eller sletting av ein tilgang.
     

Kva kvalitetskrav skal gjelde?

  • Sjå vedlegg for verdiar som er avtalt i den enkelte integrasjon for terskelverdiar.
     

Kva føresetnadar gjeld for kvalitetskrava?

  • Før NFN kan handtere identitetsstyring må tilsettingsinformasjon vere ført i HR-system.
  • Data i HR systema må være korrekte.