Kva omfattar tenesta?

Gjeld rådgiving ved innkjøp av telefonutstyr (mobil/fast) og nettbrett. Drift og brukarstøtte for apparat/system.

Korleis vert tenesta levert?

  • Førespurnader om feil, problem og behov meldast til Brukarhjelp http://brukarhjelp, e-post brukarhjelp@nordfjordnett.no  eller telefon 95 00 60 15.
  • Medverke ved forhandling og inngåing av kontrakt med leverandør.
  • Drift og vedlikehald av telefoniløysingar.
  • Rådgiving ved innkjøp av telefoniutstyr (mobil /fast), nettbrett og relatert utstyr.
  • Handtering av feil/problem.
  • Flytting av telefonnummer ved fysisk flytting av abonnenten (Skype/Teams).
  • Flåtestyring av mobile einingar (mobiltelefon/nettbrett).
  • Utføre endringar og oppgraderingar  (Skype/Teams).
  • Kontakt med og oppfølging av leverandør.
  • Medverke ved oppfølging av support-/vedlikehaldsavtale med leverandør.
  • Videreutvikling av tenesta i høve til funksjonalitet, drift og tryggleik.
  • Kontinuerleg vurdere nye løysingar etter kvart som teknikk og tenester utviklar seg.

Kva kvalitetskrav skal gjelde?

  • Feilretting skal startast opp i samsvar med prioritering av saka.

Kva føresetnadar gjeld for kvalitetskrava?

Kvalitetskrava gjeld berre dersom førespurnaden har kome inn via godkjende kanalar, og ligg innanfor avtalte tenester. Bestillingar skal sendast til Brukarhjelp.