Kva omfattar tenesta?

Gjeld alle applikasjonar/fagsystem som vert drifta/levert av Nordfjordnett. Applikasjonane kan leverast som eiga eller ekstern skyteneste.

Tenesta omfattar alle naudsynte aktivitetar for å sikre stabil og effektiv drift samt tilfredsstillande funksjonalitet (oppgraderingar).

Tenesta omfattar:

  • Handtering av førespurnader om feil og problem frå brukarane.
  • Drift, som omfattar overvaking, sikring av tilgjenge og kapasitet, oppfølging og retting av systemfeil.
  • Serverdrift og databaseadministrasjon.
  • Backup av data:
    - Sentralt lagra hjå Nordfjordnett på ein sikker måte for å kunne gjenopprette ved evt. datafeil. Backup vert teke dagleg.
    - Skytenester blir duplisert etter gjeldande standard. 30 dagar på e-post og 90 dagar på SharePoint/OneDrive.
  • Sikring av naudsynt tryggleikskopiering.
  • Tryggleik ved både tilgang og stabilitet.
  • Oppfølging i samband med driftsansvar mot leverandørar samt andre ansvarlege hjå både einingar og i Nordfjordnett.
  • Endringshandtering på applikasjonar og integrasjonar.
  • Sikring av tilgjenge og kapasitet mot applikasjonar og databasar.
  • Oppgraderingar til nye versjonar.
  • Bistå med oppfølging av avtalar mot leverandørar.
  • Proaktiv rådgjeving til systemeigar og einingar som nyttar applikasjonane.
  • Avklaring av tryggleiken i applikasjonen med systemeigar.

Tenesta omfattar ikkje:

  • Rettleiing i bruken av applikasjonane.
  • Tilgangsstyring inne i applikasjonane.
     

Korleis vert tenesta levert?

  • Overvaking av teknisk infrastruktur og applikasjon ved hjelp av overvakingssystem som rapporterer feil eller varslar i høve til terskelverdiar.
  • Lagring av data (backup) på ein sikker måte for å kunne gjenopprette ved evt. datafeil. Data vert lagra i samsvar med gjeldande lover og reglar.
  • Fast sjekking av driftsloggar for å oppdage feil eller moglege problem så tidleg som råd.
  • Handtering av førespurnad, feil og problem. Feilretting skjer innan fristar i samsvar med prioritering på saka.
  • Aktiv oppfølging  mot kommunen for å sikre tilgang  og kapasitet i samsvar med verksemda sitt planlagde behov.
  • Sikring mot avbrot i samsvar med avtalte kvalitetskrav.
  • Testing og godkjenning av endringar slik at desse vert innført kontrollert og utan driftsfeil (gjeld ikkje funksjonelle feil).
  • Sikring av tilgang i samsvar med autorisasjon internt og mot uautorisert tilgang utanfrå.
  • Kontakt med leverandør(ar) for å følgje opp deira leveransar og følgje med i den tekniske utviklinga innan plattforma/løysinga,  kommunane har ansvar for den faglege utviklinga.
  • Sikring av at Nordfjordnett har naudsynte og kompetente ressursar i samsvar med avtalte kvalitetskrav og løysinga sitt verksemdskritiske nivå.
  • Generell oppfølging for å sikre at driftsmessige og tryggingsmessige krav vert godt ivaretekne, og meir langsiktige forbetringar førebudd.
  • Medverke i oppfølging av support-/vedlikehaldsavtale med leverandør.
  • Administrasjon av definerte lisensar for å halde oversikt over kven som har tilgang, ledige lisensar samt evt. skaffe nye ved behov.
  • Oppgradering av nye versjonar i nært samarbeid med applikasjonseigar, leverandør og applikasjonsbrukarar.
     

Kva kvalitetskrav skal gjelde?

  • Kapasitet (teknisk responstid, transaksjonshastigheit og lagringsplass) i samsvar med avtalte kvalitetskrav for den aktuelle applikasjon.
  • Feilretting innan fristar i samsvar med prioritering av saka. 
     

Kva føresetnadar gjeld for kvalitetskrava?

  • Førespurnader om feil og problem skal komme inn via Brukarhjelp.
  • Brukarane nyttar applikasjonen som føresett og følgjer drifts- og tryggleiksmessige pålegg.
  • Applikasjonseigar melder om endringar i driftsmønster eller andre relevante tilhøve relatert til effektiv og rett forvalting.
  • Eininga (kontaktperson(ar)) rapporterer større endringar eller spesielle avvik til brukarstøtte.
  • Eininga sitt utstyr følgjer den generelle standarden.