Kva omfattar tenesta?

Tenesta omfattar:

  • Etablering av ny brukarkonto i nettverket med avtalte tilgangar og rettar til programvare, e-post og lagringsområder.
  • Endring i tilgangar.
  • Sletting av brukerkonto og tilgangar.

Enkelte applikasjonar kan kreve særskilt godkjenning før det vert gjeve tilgang.

Tenesta omfattar ikkje:

Tilgang i fagsystem, dette gjerast av fagsystemansvarlege i kommunane.

Korleis vert tenesta levert?

  • Mottak av bestilling via Brukarhjelp på http://brukarhjelp eller e-post brukarhjelp@nordfjordnett.no om ny, endring eller sletting av ein tilgang.
  • Sjekk om særskilt godkjenning er naudsynt, og i så fall sjå til at den er gjeve av rette vedkommande.
  • Etablering av ny brukarkonto med naudsynte tilgangar i samsvar med bestillinga.
  • Endring av tilgangar i samsvar med bestillinga.
  • Sletting av tilgangar og brukarkonti i samsvar med bestillinga.
  • Oppdatering av prosedyrar for tilgangar .
  • Oversikt og oppdatering over dei som er godkjende for bestilling
  • Innspel til avklaring av tryggleiksmessige forhold knytt til tilgangar

Kva kvalitetskrav skal gjelde?

  • Nye tilgangar vert gjeve innan 4 virkedagar .
  • Endring/sletting av tilgongar vert utført innan 2 virkedagar.
  • Ingen skal få uautorisert tilgong.
  • Særskilte tilgangar skal alltid vere godkjende på førehand av rett person.

Kva føresetnadar gjeld for kvalitetskrava?

  • Bestillingar av tilgongar (ny, endring, sletting) skal alltid sendast skriftleg via Brukarhjelp.
  • Ved naudsynte særskilte godkjenningar, skal denne følgje med bestillinga.